lørdag 9. juni 2007

Ikkje heitebølgje, men varmt nok i Bergen

Det vart heitt i fjellet i går. Det gjekk som det måtte gå. Den lange fjellturen resulterte i symjing i fjellvatn, og angrepille i dag. (På fjellet presenterer ein seg ikkje , som de veit.) Eg fekk pillesvelgje på apoteket. Og apotekdama var grei nok. Men ho nekta å møte blikket mitt eller smile. Angrepilleinntak er kanskje noko ein skal foreta i einsemd? Men eg angra jo ikkje, var berre fornuftig. (Eg er ein særs fornuftig person.) (Eg er og seriøs, og vilt, grådig, fantastisk og enormt forelska i EIN person, og sånn passe forelska i fire andre, og litt forelska i resten.)

Med minsteungen på slep for eg vidare i byen. - Ikkje spy og ikkje svime av, skreiv eg sjølv inn i panna mi. Det gjorde eg ikkje, men ungen stakk av, så eg måtte kontakte politiet. (Eg var aldri redd. Eg er mor. Eg kjenner vel når/om ungen er i verkeleg fåre. ) Etter attfinninga gjekk vi på Torgdagen. Det var fint å få høyre Steinsvikgjengen syngje og spele; - sjølv om nokon nesten trakka på ungen min, som insisterte på å setje seg på asfalten, midt inni konsertpublikum. Kanskje denne spelegjengen skal hyrast inn når mållaget skal arrangere mange konsertar i Grieghallen, om nokre år. (Det er etter at milliardærane har fått opp auga for kor smart det er å sponse kulturen gjennom Bergen Mållag. Men det kjem til å skje.)

Palestinademonstrasjonen var fin. (Sjølv om det ikkje var mange der eg ikkje har helst på før. Vonar ikkje folk trur dei må vere kjenningar eller inviterte for å kome...) Varmt og fint var det. Men bittert at vi skal stå her og demonstrere mot noko som er endå verre enn før. Og så gale som det var før...

Den eldste ungen og den snille kjærasten hans kom innom slutten av demonstrasjonen. Dei åt is. No er den minste og eg heime. Her vert vi i dag. Så finn vi ikkje på meir tull i varmen i dag, i det minste.
Men i morgon er atter ein dag.
(Er det berre vi som finn på tull i varmen?
Alle ser seriøse og skikkelege ut. Men det gjer vi, og!)

Palestinamarkering, mot okkupasjon

40 år er nok - Fritt Palestina! Markeringa i Bergen i dag var flott. Mange hadde møtt fram, og forsamlinga var brei, frå ulike religionar og fløyar.
(Sjølvsagt kunne det ha vore endå fleire. Men markeringa var fin, med god utstilling og greier.)
Men kvifor fekk vi ikkje gå i tog likevel? Det var planen.
Det var Torgdag i Bergen, så det syda av folk. Vi burde gått i byen, så folk kunne følgje med.